Archive for the ‘Generelt’ Category

Vestlandske grube co.

Den som fann gull fyrste gong på Hovdaneset var mest truleg Thomas Wegener Simonsen kring 1873, men funnet førte ikkje til noko gruveverksemd.
Fleire år seinare vart leitingena etter gull teken opp att. No vart det skjerpa på fleire stader på Hovdaneset, og i nokre kvartsårer fann ein gull.
I 1884 vart Vestlanske Grube Compani skipa, for å ta seg av gruvedrifta. Dei gjorde ein avtale med grunneigarane på Bua om leige av grunn, og bygde demning, vasshjul, knuseverk og smeltehytte.

Den gullhaldige steinen vart frakta frå gruvene på Hovdaneset til sjøkanten, tatt ombord i ei Lista skøyte, og frakta til Bua. Her vart steinen tatt i land, og frakta i vogner til knuseriet. Etter at steinene var knust, vart gullet tatt ut med kvikksølv i smeltehytta.Mengdene med gull var små, og Vestlandske Grube Compani fekk problem med å gjera opp for seg. I 1893 gjekk dei konkurs. Anlegget blei seinare seld på auksjon, og i dag er berre gruvene på Hovdaneset og grunnmurane på Buavåg igjen.

 

Vestlandske Grube Co vart stifta 4. August 1884 med ein aksjekapital på 100 000 kroner.
Målet med verksemda var ”Drift av Guldanvisninger paa Hovdenæs og Bømmeløen”, men dei fann lite på Bømlo, og konsentrerte verksemda rundt Hovda og Bua.
I 1887 vart det satt opp ein kontrakt som sikra Vestlandske Grube Co. rettane over den grunn og vassfall dei trong for å bygga knuseri og vaskeri. Dei skulle betale grunneigerane 200 kroner året dei fem fyrste åra, og seinare 400 kroner året.

 

 

 

 

Samson Hovda fekk i oppgåve å mura ei demning og murar til knuseverket og smeltehytta. Skinner, vogner, knuseverk og anna utstyr vart skaffa og drifta kom i gang.
Men det viste seg at dei store gullfunna let venta på seg, og investeringane og drifta tera hardt på kapitalen. Grunneigarana på Bua fekk problem å få den årlege leiga dei hadde krav på, og i 1893 gjekk dei til advokat. Det endte med rettsak, som dei vann, og Vestlandske Grube Co. måtte skaffa 1000kroner i løpet av 15 dagar.